Klassikaren framfor alle andre blant norske kokebøker er Henriette Schønberg Erkens (1866-1953) Stor kokebok for større og mindre husholdninger frå 1914. Boka er trykt i meir enn 200 tusen eksemplar fordelt på 20 opplag og fører oss grundig inn i all matlaging, frå brioche de foie gras og skilpaddesuppe til vassgraut av rug og steikt sild. Haute cuisine og kvardagsmat hand i hand, med andre ord. Alt utførleg gjort greie for, frå botnen og opp.
Poteter får også fyldig omtale hos Schønberg Erken. Vi kan lese at gode poteter skal ha vere faste, tunge og ha høgt innhald av stivelse. Skalet skal vere utan flekkar, glatt og jamt. ”En stivelsesrik potet blir ved kokningen fast og ”melen”, en dårlig potet derimot blir bløt og vassen”, slår Schønberg Erken fast med autoritet. Dette er før dei såkalla kokefaste potetene med lågt tørrstoffinnhald si tid.
Stivelse- eller tørrstoffrike poteter sprekk lett i sund ved koking. For å unngå dette, er det gode råd å hente hos Schønberg Erken. Først skal vi børste og vaske potetene reine for jord. (Dette er lenge før potetene vart mishandla til ferskvare ved vasking hos pakkeria, og sidan terroriserte i butikkane ved å bli lagra altfor varmt og lyst.) Når potetene er reingjort, legg vi dei jamstore i kjelen og fyller på med kaldt vatn til vatnet så vidt står over potetene. Før kokinga saltar vi vatnet med om lag to teskeier salt per liter vatn. Sidan det er snakk om kvalitetspoteter med mykje stivelse, må vatnet koke opp langsamt. Sjølve kokinga må også skje varsamt og med tilsyn, ”forat sprægningen av cellevæggene ikke skal foregaa for voldsomt og poteterne koke i stykker”. Når potetene er kokte møyre, er det viktig å slå av alt vatnet og dampe dei tørre ”over ilden”, først eitt minutt med lokk på kjelen og deretter utan lokk. ”Ryst gryten under dampningen”. Til slutt får vi vite at potetene held på ”sin fulde næringsverdi” når dei blir kokte på denne måten.
Det høyrer med til biografien til Henriette Schønberg Erken at ho etter kvart busette seg i Vang ved Hamar, like ved der prestedottera Hanna Winsnes (1789-1872) skreiv si Lærebog i de forskjellige Grene af Husholdningen. Dette er kokeboka som for all framtid vart skriven inn i norsk skjønlitteratur av Arne Garborg. Garborg melde boka i tidsskriftet Samtiden som ”ein roman”, der han harselerer over det sutlause og harmonisk hierarkiske hushaldet på prestegarden, frå han far sjølv soknepresten og huslyden hans, ned til ”folkene” og husdyra i fjøset. ”Det er fred, stilhed, idyl; god mad og god samvittighed. Der er julestemninger og søndagshumør”….. ”Man tager … tager … tager … og plages ikke af spørgsmålet om, hvor man skal tage det fra. Thi verden er i orden” – ironiserer Garborg på lytefri dansk. Sjå: http://www.bokselskap.no/boker/hannawinsnes/essay
I 1939 fekk Henriette Schønberg Erken reist ein minnestein over Hanna Winsnes ved det som i dag er Toneheim folkehøgskole. Schønberg Erken var dessutan første kvinna som vart nominert som kandidat til Stortinget. I 1924 stod ho på sjuande plass på Bondepartiets valliste.