Om romanen The Guest Lecture (2023) av Martin Riker
Innleiing
Abby er ein ung økonom og forskar som nettopp er vorten nekta fast tilsetjing ved eit universitet ein stad i USAs Midt-Vesten. Grunnen dette er at ho har skrive ei bok med avstikkande innhald i forhold til rådande kollegiale oppfatningar. Nå er Abby invitert til å halde ei gjesteførelesing – ein sjanse slik stoda er ho ikkje kan la gå frå seg. Emnet for førelesinga er det utopiske essayet Economic Possibilities for our Grandchildren som økonomen John Maynard Keynes (1883 – 1946) skreiv i 1930. I mørke tider altså, ved inngangen til dei harde trettiåra med økonomisk krise, sosial naud og ekstreme politiske ideologiar både til høgre og venstre.
Saman med familien, ektemannen Ed og dottera Ali, har dei kvelden før førelesinga sjekka inn på eit hotell. Det er natt, og alle tre ligg i same seng. Abby ligg svevnlaus og heilt urørleg for ikkje å uroe dei andre. Særleg ikkje Ali, som søv svært lett.
Omslaget til The Guest Lecture.
Loci metoden
Førelesinga er lite førebudd, og heile handlinga i The Guest Lecture spelar seg ut som ein indre monolog der Abby strevar med å førebu det ho skal seie dagen etter. Ed har rådd ho til å leggje førelesinga fritt opp ved å lene seg mot den såkalla loci-metoden. Loci metoden er ein minneteknikk der dei forskjellige delane i ein tale blir bygd opp rundt t.d. romma i ein bygning som talaren kjenner godt. Det talaren skal seie fram, blir slik assosiert i forhold til det ho eller han plasserer i dei ulike romma. Loci metoden er velkjend frå klassisk retorikk, og er omtala av mellom andre Cicero i tredje boka av De Oratore:
Difor må dei som vil øva opp denne delen av åndsevnene sine, velja seg ulike stader, og det som dei vil festa til minnet, må dei førestilla seg biletleg og plassera på desse stadene. Då vil det skje at rekkjefylgja av stadene tek vare på rekkjefylgja av tinga, og dei biletlege førestillingane ein har av ting, vil peika ut tinga sjølve, i staden for vokstavla vil vi nytta stader, og i staden for bokstavar vil nytta bilete. (H. Slåttelids omsetjing s. 205.)
Ironi og refleksjon
Form og innhald i The Guest Lecture spelar saman slik at boka blir ein uvanleg open roman med mange lesemåtar. Språket er endeframt, leikande og lett ironisk. Samstundes ligg er det eit djupt alvor og uro for framtida under i boka. Ikkje berre ottast Abby for si eiga karriere og familiens økonomiske framtid. Ho må truleg belage seg på ein dårlegare betalt lærarjobb annanstad enn på college, og huset dei har pussa opp og bur i må seljast. Abby talmast også av alle krisene i samtida. Kriser som i dag med dystert alvor heng over oss på alle område, frå økonomisk ulikskap, politisk ressentiment, miljø og klima til terror, krig og opprusting.
Stilt overfor kriser i smått og stort, kunne vakenatta som faldar seg ut i The Guest Lecture lett utarta seg i fullstendig vonbrot så vel som vanmakts harme mot både seg sjølv og andre. Men det skjer ikkje, for ironien hos Abby blir aldri total og sjølvoppløysande. Ho er fullt medviten om den ironiske stoda ho er i, representert ved eit heilt knippe gjesteroller. Ho er hotellgjest, gjesteførelesar, mentalt gjest i sitt eige hus som snart blir til sals, og på ymse måtar til og med gjest i sitt eige liv. I staden for å ende i resignasjon og desillusjon, blir forstillinga eller fråstanden som ligg til gjesterollene gjort til noko produktivt, som trass i all tvil og fortviling målber ei slags forsonande opning mot framtida. Abby er rett nok fleire stader i boka på nippet til å halde dommedag over både seg sjølv, ektemannen Ed og tidlegare kollegaer, men som den ansvarlege flinkisen ho eigentleg er, tek ho seg inn att kvar gong.
Indre monologar er eigentleg alltid indre dialogar. Ikkje berre på det viset at tenking uomgjengeleg skjer gjennom språket – dialogisk og dialektisk. Tenking eller refleksjon blir gjerne driven framover gjennom førestilte samtalepartnarar henta fram frå ulike historiske lag av minnet. Ordet refleksjon kjem jo frå det latinske re-flectare, dvs. å bøye attende. Når vi tenkjer, blir tankane – “hugskota” – kasta fram og bøygde attende nærast kaleidoskopisk, som forteljingar der våre indre samtalepartnarar tek del. Indre monologar blir sette i scene som meir og mindre springande samtalar projisert mot personar, stader, røynsler og hendingar som vi på godt og vondt kjenner og har erfart. Det er ved å falde ut desse innsiktene at The Guest Lecture blir ein særs vellykka roman.
Barnebarnas økonomisk utsikter
Der Abby ligg svevnlaus og maktstolen, trer såleis ei rekkje personar og hendingar frå barndom, ungdom til ung vaksen alder fram or minnet. Det gjeld den noko utflippa studieveninna Evelyn, ungdomsvennen Jason, den feministiske økonomiprofessoren Maggie, dottera Ali, og den tilpassingsdyktige ektemannen Ed. Dette er personar som alle har gjeve retning og innhald til kven Abby er. Bipersonar lesaren møter i innskotne kapittel utetter The Guest Lecture, slik at vi kan danne oss eit nokolunde heilskapleg bilete av personlegdommen hennar.
John Maynard Keynes (1883-1946)
Framgjennom boka er likevel J.M. Keynes den sentrale projiserte samtalepartnaren til Abby. Keynes nemner Abby som Abigail, eit bibelsk namn, som på hebraisk tyder gleda til far sin. Keynes blir dermed ein slags farsfigur, som i hovudsak velviljug rettleier Abby gjennom dei tenkte førebuingane til gjesteførelesinga. Det er med Keynes at loci-metoden blir sett i spel, ved at Keynes – som Vergil hos Dante i Den guddomelege komedien – følgjer Abby gjennom huset hennar rom for rom.
Dei byrjar i daglegstova, der vi får ei oppsummering av innhaldet i Economic Possibilities. Essayet er skrive som ein mot-tekst ved inngangen til “the great depression”/”the great slump”. Keynes argumenterer for at vi ikkje må fortape oss i svartsynet samtida kallar fram, men heller sjå stort og langsiktig på tilhøva. Med Storbritannia som døme, går han attende til året 1580 da Sir Francis Drake røva ein gedigen sylvskatt frå spanjolane og førte denne til heimlandet med skuta The Golden Hind. Denne skatten sette dronning Elisabeth i stand til å betale heile utanlandsgjelda, balansere budsjettet og til slutt investere 40.000,- pund i det som vart The East India Company. Keynes reknar ut at eitt pund av desse 40.000,- gjennom ei årleg reinvestert avkasting på 3% i 1930 har vorte til 100.000,- pund.
Dersom vi forlengjer dette perspektivet 100 år framover i tid, omtrent fram dit vi er nå, argumenterer Keynes for at under visse føresetnader, som fråvære av krig og anna elende, så vil det økonomiske problemet vere løyst. Alle vil ha raus tilgang til dei materielle goda dei treng, teknologisk utvikling har gjort at vi omtrent ikkje treng å arbeide for føda, og vi vil ha flust med fritid til å ofre oss for kunst, anna estetisk nyting og gode veners lag.
Over tid ligg det altså an til at det økonomiske problemet løyser seg, men kva med det Keynes kallar det permanente problemet? Det permanente problemet er kva vi vil bruke all denne nyvunne fritida til. Vil alle finne livsmeining i kunst og filosofi, vil ikkje framleis grådigskap og hangen til å overgå dei andre i relativ rikdom, ære og makt framleis drive oss – sjølv etter at alle basisbehov er dekte?
Det partielt utopiske
Keynes har ikkje noko endeleg svar på utfordringa med det permanente problemet. Det er heller ikkje å vente, slik Abby ser det. Kledd i ulasteleg tweed og medlem i den såkalla Bloomsbury-krinsen, saman med andre intellektuelle som Virginia Woolf, Lytton Strachey og Bertrand Russell, syner Keynes kvar i samfunnet han kjem ifrå. Den økonomiske utopien for barnebarna speglar såleis på eitt vis Keynes eigne oppfatningar om det gode livet.
Men Abby er ikkje ute etter å drive primitiv ideologikritikk og klasseanalyse. Ho ynskjer heller å snakke fram dei politisk retoriske moglegheitene som ligg i det vi kanskje kan kalle det partielt utopiske. På same måte som det er liebhaberen og pragmatikaren Keynes som interesserer Abby meir enn sjølve økonomen, er Abby forviten på den kontrafaktiske rollen utopien kan ha i fruktbar politisk samtale om eit betre framtid. At det faktisk er mogleg å leve som intellektuell og med det gjere ein skilnad i forhold til verdens gang. Slik som Keynes gjorde.
Like sidan Thomas More først lanserte omgrepet utopi i verket Utopia (1516), har utopiar hatt ei dobbelt tyding i politisk tenking. For det første har vi førestillinga om eit framtidig idealsamfunn, eit lykkeland, som vi alle bør strekkje oss mot. Det er her politisk lengt og attrå kan bikke over i det totalitære, kvar gong det blir gløymt at u-topos eigentleg betyr ikkje-stad. Ein stad som ikkje finst og som vi aldri kan nå, gjeve alt det ufullkomne og vilkårlege som høyrer menneskelivet til. I den andre tydinga av utopi er det forstått, for her er utopi brukt som eit spegelbilete som syner vrangsidene ved dagens samfunn. Gjerne satirisk. Det oppbyggjelege i dette er utopien som kontrast til det faktiske, slik at vi kan sjå korleis vi gjennom stegvise reformar kan skape betre livsvilkår for flestalle.
Sjenert filosofisk
Det er på denne banen Keynes spelar i Economic Possibilities. I det som på nytt ter seg som skymingstimar, der vi allereie tykkjest høyre drønna frå katastrofar som kjem nærare, har dette essayet framleis kraft som ein utopisk mot-tekst. Ein mot-tekst som får oss til å løfte blikket, tenkje etter, sjå større samanhengar og forme framtidsvoner. Det er i alle fall dette Abby i seine vaketimar freistar å tvile seg fram til. Trass i at enda fleire utfordringar med utspring i kjernevåpen, klima, miljø og KI er komne til sidan Keynes.
Aspasia frå Milet (ca 470-400 f.Kr)
The Guest Lecture har fleire passasjar som omtalar gresk og romersk retorikk, og som minner lesaren om skyldskapen mellom retorikk og demokrati. Aspasia frå Milet, som levde saman med statsmannen Perikles og var læraren hans Sokrates, blir drøfta saman med Quintilian, alt nemnde Cicero og fleire andre. Det er heile vegen tale om retorikk som har allmenndanning og sakkunnskap som vilkår. Altså ikkje retorikk der talekunst blir forstått berre som ein kunst i seg sjølv; retorikk som har som einaste siktemål å påverke og framkalle bestemte reaksjonar hos tilhøyrarane.
Abby koplar økonomikken til retorikken med følgjande påstand:
Economics are made out of language and serves all the purposes that language serves, the persuasive and the performative, the communicative, the utopian, the beautiful. The companionable. Speaking is a way of sharing. Sharing as a way of seeing. (Side 137)
Dette riv økonomikken laus frå tanken om at økonomifaget er ein reint teknisk disiplin med naturvitskapen som føredøme. På botnen er økonomikken tvert om eit humanistisk fag som handlar om menneske, samfunn og politikk. Jamfør utgangspunktet hos Adam Smith, som før The Wealth of Nations (1776) skreiv A Theory of Moral Sentiments (1759).
Meldaren Dwight Garner av The Guest Lecture i New York Times er sitert på omslaget av boka. Han har skrive at The Guest Lecture er “light, charming and shyly philosophical”. At boka er sjenert filosofisk – shyly philosophical – er det lett å vere samd i. Det står ved lag heilt til siste side, der Abby er mentalt åt å gjere entre i førelesingssalen. Rett før ho skal smette ut gjennom forhenget og ut i det blendande ljoset som strøymer mot podiet, er det som å vere i ei hole der ho knapt kan sjå anna enn skuggar. Ho er åleine. Åleine i Platons hole, tenkjer eg, der ideane berre syner seg som skuggar på holeveggen. “I am thinking so many things” er siste setning i boka.
Kjelder
Cicero, M.T.: Om talekunst. Omsett av H. Slåttlid. Det Norske Samlaget, 2012.
Keynes, J. M.: The Economic Possibilities for our Grandchildren, 1930. http://www.econ.yale.edu/smith/econ116a/keynes1.pdf
Riker, M.: The Guest Lecture. Grove Press, 2023.