Finst det ein betre måte å gli inn i eitt nytt år på enn på ski? Særleg når nyttårsnatta gav 15 cm jomfrueleg blåføre i Gjøvikmarka! Berre skli av stad i nypreppa spor og finne ein rytme som korkje gjer andpusten eller sveitt. For når ein går gjeld det å unngå alt kav og stress. Eg bedriv ikkje sport eller trening. Kunsten å gå på ski eller til fots handlar ikkje om å prestere, yte, vinne eller rangere. Det handlar om å gå med – ikkje mot – naturen. Det handlar om å vere aktiv del av ein heilskap, om å vere samstemt med lende og landskap.

Kreativ fridom

Det er i alle fall slik eg kjenner det. Dessutan kjenner eg noko anna og større med. Eg kjenner fridom. Fridom som følgjer på dei rytmiske rørslene til bein og armar, der tankar og hugskot spelar seg ut i kreative tanketog der alt tykkjest gå opp!

Tenk om ein kunne skrive medan ein går. Det fullkomne klårsyn festa i skrift! Men om ein prøver å memorere i ettertid, går det beint på trynet med ein gong. Det ein tenkte der uti løpa i skogen var ikkje anna enn halvtenkt, overmotig, banalt og tåpeleg. Eller – kanskje ikkje heilt på vidåtta støtt: Kanskje paradoksale krasjlandingar mellom tanke og skrift – og balet som følgjer med – stundom har noko å melde, berre vi let det kome opp og fram? Djupare meiningar fødde ut av surr, overmot og meiningsløyse. Det har skjedd før. Det kan skje igjen, men det skjer slett ikkje kvar gong.

Trash MC og utenleg fyrverkeri

For sjå der – kva har skjedd med ærverdige Skistua sidan i fjor? Brått, talande og brutalt materialiserer det paradoksale seg i sjølve skiløypa. Langt meir handfast enn i skriftfesta tankar. Skistua er seld til Trash MC! Å sjå der, der er dei: Fire, fem joviale gubbar med hipsterskjegg og noko for runde magar kjem tuslande ut av hytta. Får håpe dei har hatt ei fin nyttårsfeiring i det nye klubbhuset! (Rett skal vere rett, eg les på nettet at Trash MC har planar om å ha servering i helgane omtrent som før…..)

Byen er altså Gjøvik. Dette er også rangsida av Gjøvik: Nyttårsfyrverkeri tre dagar til endes. Minst. Skulle nesten tru at Gjøvik har slege under seg heile store krutfabrikken i grannebygda, men nyttårskrutet er nok helst kinakrut. Det byrja i alle fall å småpoffe allereie om kvelden den 30. des., og det heldt fram i eitt strekk frå myrket senka seg nyttårsaftan til frampå morgonsida. Er det som det plar vere, byrjar det på att ved kveldsleite både første og andre januar.

Eg sat med ryggen til mjøsutsikta og den utenlege fyrverkeri privatismen heile halve nyttårskvelden. Makan til formasteleg sløsing og tankeløyse dette fyrverkeriet! Om ikkje ved regelrett forbod, kunne i alle fall dei øvste folkevalde i riksstyre og kommunar ta mot til seg å oppmode folk til å slutte med denne utamen. I det minste i krig og krisetider. Frp. Sylvi stangar uansett snart taket for sannsynleg oppslutnad på meiningsmålingane. Slike parti plar, alt etter som vindane bles, å oscillere mellom 8 og 30 prosent oppslutnad.

Økotopia

Attende i skiløypa fer tankane så vide. Kva var det eg hadde for meg i går kveld med ryggen mot all denne overstadige pyroteknikken? Det var mangt og ymse. Eg las halve boka Økotopia (2024) av Andrew Kroglund, eg las den godt tenkte framside artikkelen i romulsutgåva av Weekendavisen – om bitcoin-nyrike danskar som heiar på Musk og Trump, og eg streama to YouTube videoar om kunstmålaren Mark Rothko (1903-1970).

Godt halvvegs i Kroglund tenkjer eg at her er det ikkje særleg mykje nytt. Mykje opp att den same syrgjelege historia om klimakrise og naturtap, som eg har lese om mange gonger før. Lyspunktet så langt i lesinga er kapitlet om demokrati, der Kroglund er innom både borgarråd og tokammersystem som reformframlegg. Dette er idear som kan ha gode grunnar for seg med tanke på å armere folkestyret andsynes utfordringane som allereie er der. Dessutan er det jo kjekt at Kroglund hentar fram gamle heltar frå ei kanskje grønare fortid: Næss, Zapffe, Setreng, Faarlund (87) og Dammann (93). Nyttårsforsettet mitt er i alle fall å lese opp att Arne Næss boka Økologi, samfunn og livsstil (1976). Kanskje også kikke litt nærare på økonomen Georgescu Roegen. Han med entropien. Elles er eg glad for at aktivt skogbruk i Gjøvikmarka opnar opp sikta og utsynet frå skiløypa.

Kreativ destruksjon

Det er stas kvar torsdagskveld når siste utgåve av danske Weekendavisen blir lagt ut på nettet. Nå gjeld det altså oppslaget Fremtiden bliver fantastisk skrive av journalist Mads Staghøj. Staghøj har leita fram ein gjeng med danske særingar. Slike som har tent seg rike på krypto-spekulasjon, og som meiner at komboen Trump-Musk er lovande saker for framtida. Det heile går opp i ei uheilag treeining av drivgods frå Silicon Valley: anarko-libertarianisme, KI og disruptiv innovasjon. Attåt somt obskurt om kosthald og nedfrysing av lekamen som visstnok skal sikre evig liv. Under det heile vakar meistertenkjaren og PayPal-gründaren Peter Thiel. (Dersom nokon ynskjer å sjå Thiel og hans medsamansvorne nærare i korta, tilrår eg varmt å lese essayboka Ekko (2021) av Lena Lindgren).

Økotopi, teknotopi, dystopi

I skiløypa, der alt går opp, kan vi enkelt uttrykkje det slik: Kroglund representerer økotopia medan Musk&Co representerer motsatsen teknotopia. Det eg ottast er at begge under visse vilkår kan føre oss ut i dystopia – ei uleveleg verd. Dessutan burde begge vore underkasta elementær religionskritikk. For her er det flust av tru og dogme på begge sider. Men lyt eg velje mellom dei to, blir det utan tvil økotopien. Å søkje det gode livet i pakt med naturen, ved forbruk som krev fåe ressursar og i enkle, men ekte gleder, er etter mitt syn asketisk høgverdige mål å streve etter. Ikkje minst etter ei dryg veke med merkbar tung eting av julemat og ditto drykk.

Økotopismen har likevel noko ubehageleg ved seg. Økotopia er ei lettelsen og velskriven bok om særs viktige spørsmål. Boka slepper også til forskjellige røyster og synspunkt, men ei dialogbok i sokratisk forstand er Økotopia ikkje. Det er meir ein huspostill. Motspørsmåla og motrøystene slepp til i liten grad. Kroglund samtalar mest og best med eigne meiningsfellar i fortid og samtid. Eg har ikkje lese ferdig, men det ligg i sjølve boktittelen at Kroglund ber til torgs ein såkalla økosentrisk posisjon. Omsett i politikk, er det støtt fare for at mogleg(?) overindividuelle berarar av moralsk status/verdi, som økosystem, biosfære, rase, klasse, nasjon, o.l., vil kome i konflikt med og endatil slå ut individuelle rettar og vitale interesser. Vi får ei moralisering av politikken med selotisk og einvis ei-saks tenking som følgje. I ytste konsekvens uttrykt gjennom hardstyre og menneskeforakt.

Faren er sjølvsagt heilt minimal for at økotopismen hos Kroglund kan føre til diktatur og menneskeforakt. Det er eg derimot heilt sikker på at teknotopismen vil føre til. For hos teknotopismen ligg det messianske tjukt utanpå. Da ikkje forstått som frelse gjennom religion eller poltikk, men som frelse gjennom teknologisk innovasjon og kreativ destruksjon av alt gammalt og påstått ubrukeleg. Bodskapet er at innovasjonar i grenseflatene mellom genetikk, informatikk og kvantemekanikk vil i nær framtid «forbetre» mennesket fram mot det teknotopiske paradiset. Vi bør ha in mente at alle historiske freistnader på å skape «det nye mennesket» har ført til stort elende.

Topos og poesis

I bakkane ned mot Eiktunet og skistadion slår det meg at vi godt kan late både det økotopiske og teknotopiske fare til fordel for det topologiske. Det betyr at vi snarare bør vende merksemda mot konkrete stadar. Det vil seie mot stadar forstått som horisontar og opne avgrensingar, og korleis stadar slik forstått dannar regionar og konfigurerer tid og rom. Mot geografi og historie, slik filosofen Jeff Malpas (66) har gjort greie for i ei lang rekkje bøker og artiklar dei siste tredve åra.

Skjermdump av Black on Maroon, Rothko (1959). Tate Modern, London.

Slik poesis er knytt til topos, er kunstverk knytt til stad. Rothko-rommet hos Tate Modern i London er ei fortetta stadfesting av dette. Eg har truleg vore der, for eg har besøkt Tate Modern to gonger. Men det er mange år sidan sist og lenge før eg hadde høyrt om måleren Mark Rothko. Det som fyller Rothko-rommet er The Seagram Murals. I alt ni målarstykke, som opphavleg var etla som veggpryd på ein restaurant i New York. Rothko trekte seg frå det prosjektet og gav måleria til Tate, rett før han vart råka av kraftig depresjon og tok livet sitt. Funnen daud i ein blodpøl raudbrun som Black on Maroon.

Rothko var på 1950 og 1960-talet sentral innanfor kunstretninga som blir kalla abstrakt ekspresjonisme. At måleria er abstrakte betyr at alt figurativt er skore bort. Det som står att er bruk av fargar som uttrykk for kjensler og sinnstemningar. Men korleis kan eit måleri uttrykkje kjensler? Eit måleri er i jo i røynda berre farge på ei flate – på eit lerret. Skal fargane på flata bli kunst, er det hen som går åt måleriet som må gjenskape det som kunst i sin horisont.

I følgje dokumentarane på Youtube, vart Rothko ein gong spurt om kva som er den perfekte avstanden mellom åskodaren og måleria hans. Svaret var kontant 18 tommar. Rothko måla helst i stort format, og med 18 tommars fråstand fyller t.d. Black on Maroon heile synsfeltet. Slik kan vi heilt ta det inn og dermed bli heilt inntekne av kunstverket.

Full sirkel. Galleribesøk og skitur i skogen kjem alt etter som ut på eitt. Stad som open avgrensing konfigurerer tid og rom. Det handlar om å vere aktiv del av heilskapar, og om å vere kritisk samstemt med dei.

Jeff Malpas

Pin It on Pinterest