I september gjesta Jane Fudyma frå Utah, USA, oss i to veker, og da ho drog kvitterte ho opphaldet sitt med teikninga ”Potatoes and Philosophy”. Ei vending som sikkert vart brukt fleire gonger i samtalane vi hadde laust og fast og høgt og lågt medan ho var i Skjåk. For dette med poteter og filosofi kan stå som overskrift over det eg har halde på med dei siste 30-åra, eller så. Aksenten har rett nok i periodar lege på det eine ordet meir enn det andre; somtid mest filosofi og andre gonger – som nå om hausten – poteter.
Himmel og jord på vaklevore vis freista knytt i hop, med andre ord. Potetene som matauk og jordnær påminning om conditio humana; altså menneskas grunnvilkår som endelege, sårbare og kroppslege eksistensar. Og dessutan, poteter som åtvaring mot spekulativt å ta heilt av mot skyene, slik allereie Aristofanes åtvarar oss ved å skalkherme Sokrates. Det komitragiske lurar jo alltid under den akademiske lærdomen, anten det nå blir tenkt altfor stort eller – som oftast – altfor smått. ”I Egypt hadde guden for lærdom hovud som ei ape”, veit vi. Men på hi sida, altfor smått blir det også berre å grave mellom potetene, gni på knollane og leggje dei i slike posar og sekkar som høver marknaden best. Ein himmel lyt kvelve seg over fòrer og åker; ein himmel som gjev lyft og flog til tilværet, slik at vi kan skjøne samanhengar og presumptivt handle med vit.
Just det, og det er her filosofien kan kome til sin rett. Påstand: Ingenting er så praktisk som god filosofi. Da er vi i gang, for påstandar krev jo grunngjeving: Kva er god filosofi? Tja, sei det, for det er når det kjem til stykket eit filosofisk spørsmål. Eit svar som kan freiste er noko i retning av at god filosofi er gode svar på filosofiske spørsmål. Men å svare slik er å begå ein dobbelt petitio, fordi dettesvaret på spørsmålet føreset dobbelt opp at spørsmålet allereie er besvart. For kva er eit filosofisk spørsmål og kva er eit godt svar på eit filosofisk spørsmål? Dette ballar seg til, så her gjeld det å manøvrere unna. Redninga er kan hende ordet praktisk, for det er i all fall mi røynsle at filosofien er mest fruktbar i parlaup med andre fag og gjeremål. Slik som dyrking av poteter.
Men kva er gode poteter, har detspørsmålet eit svar? For å svare på dette, må eg ta minst tre atterhald. For det første kjenner eg til berre ein handfull av dei meir enn tusen ulike sortar solanis tuberosum. For det andre har vi følgjespørsmålet godt til kva; det er ikkje sikkert at ei god potet til somt er ei god potet til noko anna. Til sist, og for det tredje, kan visstnok ikkje smaken diskuterast, sjølv om det er nettopp det vi gjer det heile tida (performativ inkonsistens, gjeve premissen)! Alle atterhald til sides; her er mitt svar: Ei god potet skal utfordre kokk og kjøken ved å koke sund nærast utan forvarsel! Det er innhaldet av tørrstoff som gjeld når det kjem til potetkvalitet. Såpass tykkjest dei som har greie på poteter å vere samde om. Når vi så har ete godt og vel er mette, kan vi disputere de gustibusog andre spørsmål – filosofiske eller ikkje – som høyrer ”the cool hour” til.
Førebels konklusjon etter meir enn 30 års røynsle med poteter og filosofi blir derfor: Dei utfyller kvarandre på beste vis og begge kan brukast til (nesten) alt.