Dag 1: 7 bøker, 7 bokomslag, 7 dagar, punktum. Utfordra av Ivar Teigum, går eg i gang med deling av bokbilete, men da med uttrykt forsett om å bryte sjangerkrava. I alle fall det om «punktum». For å gje meining, må noko seiast om både valet og boka, synest nå eg. Dvs. første bok ut vart plukka ut på rein slump. Eg gjekk til hyllene for å finne bøker, og der stod brått, uventa og gløymt stoikaren Epiktets Handbok i livskunst. Etter eiga innskrift kjøpt i 2008 og – til for to dagar sidan – ulesen ….. Ei bok for koronaens tid, der det tilvante har kome på flòt, og der historiske endringar med uvisst utfall på kort og lang sikt sviv i lufta.
Det Norske Samlaget gav ut Handbok i livskunst første gong i 1927 i serien Klassiske bokverk. Første utgåva var omsett frå gresk av Bjarne Skard. Til andre utgåva frå 2008 har Jon Hellesnes skrive ei grundig innleiing om Epiktet og stoisismen. Høgst leseverdig i seg sjølv.
Den evige fred
Dag 2: 7 bøker, 7 bokomslag, 7 dagar, punktum. Dette eksemplaret av Kants Den evige fred vart attfunne da vi for eit par tiår sidan dreiv vedlikehaldsarbeid på loftet. Den tyske originalen Zum ewigen Frieden kom ut i 1795 – rett før Napoleonskrigane! Den norsk-danske utgåva avbilda her er utgjeven i 1889 i serien Bibliothek for de tusen hjem. Bak denne serien med billege kvalitetsbøker stod forretningsmannen, forleggaren og filantropen Johan Sørensen (1830-1918). Bibliothek for de tusen hjem tel i alt 120 titlar utgjevne i perioden 1887-1898. Samla opplag var over 600 000 bøker.
Den evige fred er evig aktuell og dessverre – er det likt til – like evig utopisk. Ei grei samanfatning av innhaldet er å finne t.d. hos Dag Michalsen: Rett. En internasjonal historie, side 423 ff. Heider til forfedrane som heldt seg med slike bøker og ei åtvaring til samtida om ikkje å køyre i den nasjonalistiske grøfta ein gong til!
Fyrsten
Dag 3: 7 bøker, 7 bokomslag, 7 dagar, punktum. Eg måtte leite lenge etter Fyrsten, der han – sløge kroppen – hadde gøymt seg i bokhylla mellom Pico della Mirandola og Hobbes. Niccolò Machiavelli (1469-1527) blir gjerne rekna som den første moderne politiske tenkjaren om staten som (legitimt) valdsmonopol. Samstundes er han pga. boka Fyrsten den mest utskjelte og kanskje også den mest misforståtte politiske tenkjaren fram gjennom historia. Sjølv er han ikkje skuldlaus i å bli sedd på som medlaupar for djevelen – Old Nick. Ein av dei mest notoriske passasjane i Fyrsten går omtrent slik (mitt forsøk på omsetjing frå engelsk): «Er det betre å bli elska enn frykta, eller omvendt? Svaret er at ein helst vil bli begge delar, men fordi det er vanskeleg å stille saman elsk og frykt, er det langt betre å bli frykta enn elska i fall ein ikkje også blir frykta. Med menneskja er det slik at dei er utakksame, ulydige, uærlege og svikefulle, dei bøyer unna for fare og er drivne av pengehækne og griskleik. … Kjærleik er eit truskapsband som desse skrøpelege slaurane slit av når det passar dei best, medan frykta allstøtt held dei fast i otte for hardhendt straff.» Men dette er langt frå den heile Machiavelli. Hovudverket hans Discorsi fyller ut og peikar i andre retningar, og da særleg attende mot den romerske republikken. Emnet i Fyrsten er politisk stabilitet og korleis herskaren med makt, kløkt og handlekraft (virtù) må gå fram for å tryggje just det. I Discorsi er «vivere sicuro» tufta på politisk stabilitet berre eit steg på vegen mot «vivere libero», eller politisk fridom. Dvs. ein stat som borgarane sjølve gjennom deltaking, truskap og lovgjeving reier grunnen for republikansk fridom – i forum og på agora.
God påske!
Republikanisme
Dag 4: 7 bøker, 7 bokomslag, 7 dagar, punktum. Eitt steg attende og to steg fram. Omslagsdelinga i går av Machiavellis Fyrsten tok oss eit drygt steg frå renessansen attende til antikken og slike karar som Cicero, Seneca og – han som eg byrja med tre dagar sidan – Epiktet. Nå er det dags for å ta to steg fram, frå gamletida, over i nytida og fram til politisk tenking i samtida. Philip Pettit er ein av fleire som i seinare år har levert vektige bidrag til å vekkje opp att republikansk politisk tenking med røter i det gamle Roma. (NB! Dagens republikanisme og trumpisme i USA er beint fram eit vrengjebilete av republikanismen det er snakk om her!!) I Republicanism (1997) og seinare bøker, har Pettit arbeidd fram ei politisk tenking tufta på fridom, likskap og konstitusjonell maktdeling. Kjernen i posisjonen er omgrepet fridom som ikkje-dominans og fråvere av vilkårleg makt. Pettit klårlegg omgrepet fridom som ikkje-dominans ved å setje dette opp mot omgrepa negativ og positiv fridom, slik desse vart prega i Isaiah Berlins vidspurde essay Two Concepts of Liberty (1958). Gjeve liberalismens formale mantra om at kvar borgar har krav på den største settet av fridomar konsistent med like store fridomar for alle borgarar, blir statens fremste oppgåve å hegne om dette største settet av fridomar for den enkelte. Fridomen blir dermed avgrensa negativt på det viset at kvar og ein skal vere fri til å meine og handle som ho eller han tykkjest best, i det monn at andres fridom ikkje blir krenkt. Den positive forståinga av fridom, derimot, dreg i tvil tanken om at vi utan vidare er frie når vi agerer i samsvar vårt eige tykke. Snarare blir det hevda at vi er frie i positiv forstand når vi ter oss i samsvar med bestemte felles ideal, tradisjonar, normer og verdiar. Den positive oppfatninga av fridom finn vi typisk innanfor ymse former for kommunitarisme som står i gjeld til Rousseau, og som vi har blodig historisk erfaring for kan skeie ut i det totalitære når dialektikken mellom «volonté tous» og «volonté generale» sporar av.
Republikansk fridom, som fråvere av vilkårleg tvang, stikk ut ein tredje veg mellom negativ og positiv fridom. Fridom som ikkje-dominans er negativ i og med at borgarane har krav på vern mot den vilkårlege tvangen asymetriske maktforhold gjerne går svanger med. På den andre sida, er fridom som ikkje-dominans positiv ved å hevde at handling i samsvar med demokratisk gjevne lover, de facto opnar for sivilisert samhandling og gjer borgarane frie. Demokratisk tyder her at den negative grunnhåtten i republikansk fridom trumfar den positive. Lovene må både vere gjevne og handheva utan vilkårleg tvang og maktbruk. Dessutan må makdelingsprinsippet vere aktivt og pressa fri og uavhengig.
Påskenøtt: Korleis står «koronaloven» seg i forhold til dei tre fridomsomgrepa skissert ovanfor?
Langpoteta alias mandelpoteta
Dag 5: 7 bøker, 7 bokomslag, 7 dagar, punktum. Etter fire dagar med luftig snakk om krig og fred og politikk og sånt, må vi kome oss nedpå og få oss mat. Korona eller ikkje korona, ein lyt leva i kvardagen òg. Men for at landinga ikkje skal bli hard, tek vi oss varsamt ned med eit nesten po(t)etisk sitat frå boka Immanuel Kant skreiv om naturforskaren, metafysikaren og den religøse fantasten Emanuel Swedenborg (1688-1772):
«Før vandra vi som Demokrit i tomme rommet, dit metafysikkens sommarfuglevengjer hadde lyfta oss, og der vi samtala med åndelege figurar. Nå, som sjølverkjenningas reinsande kraft har falda silkevengjene saman, står vi på nytt på erfaringas og forstandens grunn. Lukkelege kvar gong vi åtgår staden som er gjeven oss, og som vi aldri ustraffa kan gå bort ifrå. Staden som inneheld alt som kan stette vår trong, så lenge vi held oss til det som er oss til gagn.» (Forsøkt omsett frå tysk).
Dagens bok, eller rettare hefte, av Unni-Lise og Ola Jonsmoen om langpoteta, alias mandelpoteta, står støtt på eigne bein og treng ikkje nærare omtale. Her er det «potetgull» på kvar side:
«Les ikkje denne boka i eitt glefs. Det er ikkje sunt å vere glupsk. Da får du enten problem med magen eller sjela, som kanskje nettopp sitt i magen. Vi veit lite om sjel, men mye om potet.»
«Gå ikkje på dans med stor langpotet i bukselomma. Det kan mistydas. Legg poteta frå deg i garderoben. Da er du på den sikre sida.»
Etikk og økonomikk
Dag 6: 7 bøker, 7 bokomslag, 7 dagar, punktum.
Med boka An Essay on the Nature and Significance of Economic Science (1935) set Lionel Robbins (1898-1984) i sirkulasjon den gjengse definisjonen av faget økonomi/økonomikk. «In pure Economics we examine the implication of the existence of scarce means with alternative uses», skriv Robbins. I same boka hevdar han at økonomikk er klårt skilt frå etikk, og at det ikkje synest logisk mogleg å sameine desse to disiplinane. Økonomikk og etikk lyt utviklast kvar for seg. Åttifem år etter at Robbins gav ut «An Essay», ter kanskje desse synspunkta seg som nokså opplagte. Økonomikk som teknokratisk ingeniørkunst har jo hatt relativ suksess i denne perioden, og det logisk positivistiske tankegodset denne kunsten byggjer på har – trass i alle feil og manglar – synt seg å vere fruktbart.
At «samfunnsingeniørane», med sine matematiske jamveksmodellar, gradvis vann hegemoni innanfor økonomikken utetter i det tjugande hundreåret, representerer likevel eit tradisjonsbrot. Før ideane til folk som Leon Walras (1834-1910) og eleven hans, Vilfredo Pareto (1848-1923) – begge opphavleg utdanna ingeniørar – slo gjennom, var det tett samband mellom etikk og økonomikk. Schon Aristoteles, som tyskarane gjerne seier, framheva dette i skriftene sine om etikk og politikk. Vi veit at Adam Smith var professor i moralfilosofi, og utdanninga av samfunnsøkonomar ved Universitetet i Oslo låg lenge under jussen og vart ikkje fullverdig 5-årig studium før i 1934. Da eg såvidt putla med økonomikken tidleg i 1980-åra, hadde vi framleis den uutgrundelege gamle karakterskalaen til juristane med hundredelar.
Ein treng ikkje å ha lese Aristoteles for å meine at Robbins tok feil når han drog eit skarpt skilje mellom økonomikk og etikk. Dersom etikk handlar om korleis vi bør leve, er det eit spørsmål det er umogleg å drøfte lausrive frå dei materielle kår og tilhøve vi lever under. På hi sida, er det ikkje nemnande rettleiing å finne verken hos Aristoteles eller Adam Smith når det gjeld dei ugreie globale økonomiske problema vi står overfor på 2020-talet. Rettleiing er det derimot i forfattarskapa dagens to bøker er henta frå. Amartya Sen (f. 1933) og John Broome (f. 1947) er begge økonomar og etikarar i verdsklasse. I staden for å kaste ut barnet – økonomikkens analyseapparat – med badevatnet, brukar dei dette analyseapparatet saman med etisk tenking til å forstå og opne opp handlingsrommet vårt andsynes kriser i tida, anten dette gjeld hungersnaud, fordeling, klimaendringar eller pandemiar.
Resiliens
Dag 7: 7 bøker, 7 bokomslag, 7 dagar, punktum. KJEDELIG!!! Det seier ungane når dei ser bøkene hans far. Dei har kanskje rett, i alle høve når det gjeld NOUar. For det å lese Norges offentlige utredninger, det er verkeleg keisamt det! Formatet har heilt sidan den første i 1972 vore det same, sjølv om det rett nok har vorte fleire bilete og figurar med åra. A4 med to tettskrivne spalter på kvar side. Tekstsidene er ikkje berre lange, dei er ofte også mange. Rekorden i «samlinga» mi har NOU 2004: 28. Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold. (Naturmangfoldloven). Siste paginerte side i denne blekka har nummer 823. Men det finst også mykje gull blant NOUane. Solid arbeid av trauste fagfolk som grunnlag for lover og utforming av politiske verkemiddel. Offentleg forvalting på sitt beste.
I 2014 fekk Morgenbladet det for seg å kåre dei 10 beste NOUane gjennom tidene. På det tidspunktet var det vel ein rundt 1500 forskjellige å velje mellom. Øvst i kåringa trona NOU 2013:10. Naturens goder – om verdier av økosystemtjenester. Kva Morgenbladet la til grunn for dette, hugsar eg ikkje. Eg har heller ikkje anna enn dimme minne om hovudinnhaldet i utgreiinga, men ut frå rablingar og griseøyro både her og der, har eg nok skumma over det meste. Særleg har blikket festa seg ved eitt ord, for NOU 2013:10 er den einaste publikasjonen eg kjenner til på norsk der ordet resiliens har ein viss frekvens – 23 treff i web-versjonen. Grunnen til det er kanskje at den svenske miljøøkonomen Karl-Göran Mäler sat i utvalet, for i Sverige er resiliens «stort». I alle fall langt større enn hos oss, for dei har eit eige forskingssenter der, Stockholm Resilience Centre under Stockholm Universitetet.
Kva betyr resiliens? På norsk er det vanleg å omsetje resiliens, eller rettare adjektivet resilient, med robust i tydinga hardfør eller slitesterk. Men dette er dårleg latin, for i følgje Steinvik og Vandviks framifrå Latinsk ordbok tyder resilio «springa (fara) attende»/«spretta attende». Det som er robust er mest berre hardt og bestandig, det manglar elastisiteten, krafta og spensten til det som er resilient. I samsvar med dette syner resiliens til evna noko har til å ta seg inn att – fara attende – etter påkjenningar. Økosystem med høg resiliens tippar ikkje lett over, og dei tek seg greitt inn att etter å ha vorte skipla. Eit døme på dette er barskog etter hogst. Regskogar, derimot, har låg resiliens. Når dei først er nedhogne og jorda attpå til i nokre år utpint av einsidig jordbruk, er det berre busksteppa att. Buskstepper, og i enda sterkare grad ørkenar, er på sine vis både robuste og resiliente biom. Dei tippar ikkje lett over, men særleg fruktbare er dei ikkje.
Resiliens kan også med fordel bli brukt om sosiale- og økonomiske system, og eg tenkjer at resiliens er eit viktig omgrep å ha med ombord når verda skal reise seg frå kneståande etter koronaen. Vi treng ein grøn New Deal nå! Så har eg to flogtankar til. Første tankespranget går til Venabygdsfjellet og ei dump i skiløypa rundt Dynjefjell. I botnen av denne dumpa er det spikra eit skilt på ei bjørk, og på dette skiltet står det Musefella. Eg kan ikkje for det, men her eg sit og skriv denne stubben i staden for å gå på ski, assosierer eg musefella med Keynes og likviditetsfella. Ja, jamvel helikopterpengar. Musefella – mene tekel! Andre hugskotet går til Otto Neurath sitatet W.O. Quine gjev att fremst i Word and Object. Det kling best på tysk: Wie Schiffer sind wir, die ihr Schiff auf offener See umbauen müssen, ohne es in einem Dock zerlegen und aus besten Bestandteilen neu errichten zu können. (Vi har det som sjøfolk som må byggje om skipet deira på opne havet. Utan nokon gong å kunne gå i dokk, ta det frå kvarandre og byggje det opp att på nytt frå dei beste delane.)