Her ein morgon måtte eg verkeleg slå opp augo, for i e-postboksen låg det ei melding frå rekneskapsføraren vår hos den lokale avdelinga av Sparebank1 Regnskapshuset AS (S1RH).
E-posten bad om å få utdjupa kvifor eg visstnok var misnøgd med arbeidet han utfører for oss. Etter kontakt med rekneskapsføraren, synte det seg at bakgrunnen for spørsmålet var ein såkalla «questback» frå S1RH, som eg ikkje ein gong kunne hugse å ha svart på. Etter å ha søkt nærare i e-posten, har eg etter purring om svar truleg i vanvare og/eller i halvsøvne sendt eit svar. Same kor som er med den saka, gjev denne insidensen grunnlag for nokre refleksjonar om verdien av slike «undersøkingar», og kva som motiverer dette evinnelege questback maset. Ikkje berre frå S1RH, for ein får nærast kasta etter seg slike skjema same kvar ein fer og kva ein gjer.
Men først må eg gjere dette heilt tydeleg klårt: Rekneskapsføraren dette gjeld har i alle år på ulasteleg vis ført rekneskapen vår, vi har ikkje anna ønskje enn at han skal føre rekneskap for oss så lenge vi har ein rekneskap å føre.
Så til refleksjonane:

Ideologien

Kva er ideologien og motivasjonen bak all denne «quest-backinga»? Eg meiner å sjå tre renningar i denne veven og ein skyttel som gjer henne mogleg. Dei tre renningane er:

a). Tankegods frå «business schools» og anglifisert næringsliv, slik desse har breidd seg sidan 1950-60 åra og fram til i dag.

b). Nedslaget desse tankane har hatt i politikk og på andre samfunnsområde i form av såkalla New public management. Denne «ny-styringa» kjenner vi i ulike tappingar frå politiske klassikarar som Margareth Thatcher og Tony Blair.
c). Det postmoderne oppbrotet med dei store politiske forteljingane om fridom, likskap og fellesskap frå seint 1970-tal av. I staden for desse «makro-forteljingane» har vi fått ei oppsplintra mengde antagonistiske «mikro-forteljingar», som spenner frå identitær fascisme på høgresida til WOKE-hysteri på venstresida. Sams for alt dette er ein idealisme som, når det kjem til stykket, går greitt i tospann med preferanse-subjektivismen som blir bortlært på «business schools».
Skyttelen er overforbruk og feilbruk av Internett og interaktiv datateknologi, for utan desse reiskapane hadde ikkje «quest-backinga» vore mogleg.

Tre poeng

Eg hevdar ikkje miksen av a, b og c forkynner ei i alt botnfalsk lære, men at denne læra preikar to dogme som gjerne kjem i motstrid med einannan. For det første blir den enkelte konsumenten/kunden/klienten/ veljaren sedd på som suveren. For det andre blir personar – utan omsyn til om dei er kundar, veljarar, tilsette eller noko anna – sedde på som potensielle slaurar. Dei vil, så sant høvet byr seg, heller sluntre unna og streve etter eigennytten framfor fellesnytten. Kontroll frå høgare hald, saman med gulrot-og-pisk-strukturar, må derfor til. Spørsmålet blir da; kor suveren – fri og ubunden – er eigentleg ho eller han som er inngjerda i ein hierarkisk gitterstruktur av overvaking og insentiv? Responderer vi einast hedonistisk på ytre stimuli, eller kan vi både tenkje sjølve og ha moralsk integritet?
Det er tre poeng med å dra fram desse lett luftige tankane i denne samanhengen:
i. Som presumptivt suveren klient hos S1RH, treng eg ikkje «questback» skjema for å gje uttrykk for mogleg misnøye med tenestene derifrå. Eg ville ta misnøya opp direkte med han som fører rekneskapen, noko det til dags dato altså ikkje har vore behov for.
ii. Motstykket til «business-school» læra, nemnt under a og b ovanfor, er tillit. I samanhengar der det rår tillit – tillit som vel når alt kjem til alt er eit vilkår qua sine non innanfor mellom anna rekneskapsføring og revisjon – finn ein ut av ting direkte gjennom open samtale andlet til andlet. Ein treng ikkje å gjere transaksjonskostnadene høge ved å gå omvegen gjennom «questbacks» og dilikt. Tvert om, slike computer genererte greier vil ofte tære som syre på tillitsbaserte forhold og skape langt meir misnøye og mistanke enn dei kurerer.
iii. Å bedrive «quest-backing» er ikkje gratis, og som klient hos S1RH og andre tilbydarar, er eg ikkje interessert i å vere med på å betale for slike aktivitetar. Aktivitetar som i mange tilfelle ter seg som altfor høgt gasjert tidtrøyte.

Seriøst?

Eg er også tilbøyeleg til å dra i tvil seriøsiteten og nytteverdien av «quest-backinga». Som nemnt innleiingsvis, har eg knapt vage minne om korleis skjemaet frå S1RH var skrudd i hop, men det skulle ikkje ta meir enn eitt minutt å svare på det. Da må opplegget ha vore på forma: «På en skala fra 1-6, hvor tilfreds er du med tjenestene fra S1RH, der 1 er lite tilfreds og 6 er meget tilfreds.» Det heng i lause lufta kor opplyst nokon kan bli av svar på slike spørsmål. Er det t.d. gjeve at alle legg det same i ein bestemt poengsum? Eg for min del meiner 4 er ein god karakter, og eg gjev – nærast av prinsipp – berre heilt unntaksvis topp-score på noko skjema eller i nokon samanheng. Det er ingen unnt å vere framom alle andre i alt – det er alltid noko å strekkje seg etter for alle personar og i alle organisasjonar. Det gjeld også S1RH. I alle fall dersom slike føretak i framtida har tenkt å halde fram med verksemd i delar av landet der det bur myndige borgarar og der tillit blir halde oppe som ei dygd.

Pin It on Pinterest