![](http://www.sygardforberg.no/wp-content/uploads/2024/12/IMG_6060-1024x768.jpeg)
Var eg kjøpmann, ville eg stengt ned sjappa og permittert dei tilsette i desember. For det er det ein må gjere når drifta ikkje går rundt. T.d. er det umogleg å tene pengar på å selje mandelpoteter for kr 9,90 per kg (godt under noteringsprisen til bonden), julegraut for 5,00 kr pakka, pinnekjøt for kr 124,60(!) per kg, ribbe for ned mot kr 50,00, eller ein kg pepparkakedeig for kr 2,70 og «Grandis» til halv pris.
Jada, jada, eg kjenner jo til dette med lokke-lure-prisar. Når noko blir sett ned i pris, blir mangt anna sett opp. Eg veit også at vi kvar gong bit på denne nøye uttenkte butikkåta. Det er just for å lykkast med dette at butikkjedene held seg med ekspertar i åtferdspsykologi. (Eg får stadig heftigare utslett av alle desse økonomi-ekspertane, juss-ekspertane, psykologi-ekspertane, eigedomsmeklarane, kraftmeklarane, aksjemeklarane og krigsekspertane med vinkel og stjerner som får operere uimotsagt i media.)
![](http://www.sygardforberg.no/wp-content/uploads/2024/12/Bilde-14.12.2024-klokken-08.24-1024x663.jpeg)
I staden for gje bort varene ved å ta del i «Spinnville juleuker», ville Æ som kjøpmann altså heller låst døra og utlevert dei tilsette til NAV. Sjølv ville eg tatt meg nokre skiturar og bedrive poetikk heller enn butikk. T.d. ved å lese og tenkje over dette nærast fullkomne haustdiktet av Rainer Maria Rilke:
![](http://www.sygardforberg.no/wp-content/uploads/2024/12/IMG_6095-1-1024x508.jpeg)
Det er like enkelt som det er djupt dette diktet. Alt fell. Visne blad frå fjerne himmelhagar, den tunge jorda, denne handa som døyr, fallet er i alt og alle. Men det finst likevel eitt, som uendeleg varsamt og med mjuke hender ber oppe alt det som fell.
Ei sterk religiøs von kviler såleis under i diktet Herbst/haust. Men kva er eigentleg religiøsitet og religion? Det skal visstnok ikkje vere heilt god etymologi å føre tydinga av ordet religion attende til re-ligare – dvs. å binde/knyte saman på nytt. Trass i kanskje ring latin sporing, gjev denne tolkinga betre meining for meg enn religion som vedkjennande age for absolutte guddommar. Anten det er snakk om Jahve, Deus eller Allah. For ligg det ikkje i oss, hugen og hangen til å forstå fullt ut alt det som vi berre skjønar stykkevis? Å få det som er rive sund til å hengje i hop på nytt. Same kor gale av stad dette kan føre når denne lengten etter det heile blir total.
I ein spegel, i ei gåte – alt fell og entropien stig mot grensa av ein ny eld……