Om Sygard Forberg
Historie
Garden ligg på bresjø og elveavsetningar frå avsmeltinga etter siste istid. Jorda består av sand med innslag av silt og morene.
Sygard Forberg ligg i ei grend med gammal busetnad. På grannegarden Nordistun Hole er det gjort gravfunn frå yngre jernalder (700-talet).
Allereie i 1538 var det tre gardbruk Forberg. I 1589 hadde talet auka til fire, som i dag.
Sygard Forberg var bygt saman med Nordistun Forberg fram til utskifting i 1864, da tunet vart flytta dit det ligg nå. Ætta til dagens eigarar tok over garden rett før utskiftinga.
Alle Forbergsgardane har seter på Dyringen i Skjåk almenning. For tida blir setra brukt til beite og slått.
Sidan starten i 2004 har Sygard Forberg vore medlem i Einingje samdrift SA.
Jordbruket i Skjåk er heilt avhengig av kunstig vatning. Det tradisjonelle vatnarvatnet frå Forbergstjønne inne på Bispberget er framleis i bruk. Det går merka turstig frå Ofossbrua opp på Bispberget.
Produksjon